pingbo1

pingbo1

47p

48 comments posted · 3 followers · following 2

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Kraftkablene ... · 2 replies · +2 points

DK1 - representativ for kontinentet? Vi treng ikkje sjå lenger enn til DK2 før vi finn heilt andre prisar! Og faktisk kostpris for norsk vasskraft overser vi glatt. Den KUNNE gjett oss visse fordelar....? At vi for tida nyt godt av billig overskotskraft frå DK1 er fint det, men situasjonen blir nok ein annan når vi deler nett med Nederland og Tyskland.

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Kan få k... · 0 replies · +3 points

Bra jobba folkens! For 15 månader sidan flaut magasina over her i distriktet, fossane rann som for 100 år sidan. Eit flott syn i mine auge, men for blårussane i energiselskapa vart nok dette bokført som tap, sjølv om maskinene samstunds gjekk for fullt, og pengane strøymde inn. Det vert nok lenge til neste gong vi får sjå vatn i fri dressur igjen. På tide å justere "normalen" litt?

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Er ikke i lom... · 0 replies · +2 points

Eller omvendt; vi produserte mindre straum enn vi brukte. Grunn; vi hadde på førehand eksportert meir enn vi skulle.

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - Strømrekord i 2010 · 0 replies · +1 points

Endelig litt realistisk optimisme her! Når Sverige i løpet av året vert delt i fire prisområde, ser vi kansje at Midt- og Nordnorge vert prisvinnarar? Ei ny/forsterka line frå Ofoten inn mot det svenske nettet for å ta unna det veksande overskotet i Nordland, vil trulig og bidra til dette. Når ein godt betalt informasjons-direktør i offentlig eigde Statnett kan stå fram og hevde at -"Midt-Norge kan risikere ekstremprisar fram til 2015, når linja Ørskog-Fardal står ferdig", luktar det feil-informasjon lang veg. Slikt bør vi ikkje finne oss i!

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Energisertifik... · 1 reply · +1 points

Vil økt kapasitet gje lavare prisar? Dersom vi kuttar kablane til utlandet - ja. Med den planlagde auka overføringskapasiteten mot utlandet, neppe. Det vil gje meir straum på børsen, men marknaden i Europa er enorm, og vi vil framleis ikkje ha nokon garanti mot nedtappa magasin.

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - Ribbe og kalkun truer ... · 4 replies · 0 points

Takk for det, Statnett! So kan vi koke pinnekjøttet med godt samvit i år og, utan fare for straumbrot. Har inntrykk av at nettet er bra, eg, dei 40 milliardane er vel fyrst og fremst tenkt for å auke EKSPORTEN av straum, ikkje sant?

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - Sp går mot egen ... · 0 replies · +1 points

Enda meir tåkelegging, eller veit dei ikkje betre? Det er i Midt-Norge søkt om utbygging av 2000 MW småkraft, med ein berekna produksjon på 1,24 TWh. Det skulle vel hjelpe på? Og 420 kW-lina til Sverige har ikkje akkurat vore overbelasta sidan den vart sett i drift. Den har derimot halde prisane nord for Dovre nøyaktig lik prisane i Sverige. Ørskog-Fardal vil nok ikkje endre på dette.

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - Statnett ber om raskt ... · 0 replies · +1 points

Svaret bør bli nei. Denne lina vil snart vise seg å være overflødig. Regjeringa bør no ha teke inn over seg at det vert svært lite av landbasert vindproduksjon langs kysten, grunna stor og veksande motstand frå sterke grupperingar. Straumprisane nord for Dovre er no identiske med dei svenske prisane, sidan det vart samanhengande 420 kv heilt til Klæbu. Den nye lina vil ikkje endre på dette. Vindkraft-satsinga må flyttast til havs, og ilandførast der det er behov for den (saman med evt. bølgekraft), og med kortast mulig eksportveg for evt. overskot. For Nord- og Midt-Norge betyr det Sverge. Fornybar-satsing til havs vil gje heilt andre muligheter for industrien, og spare verdifull norsk natur.

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Bygg i utlandet · 1 reply · +6 points

Og prosenten i dag er?

13 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Kraftbransje... · 0 replies · 0 points

Enig. Hadde dei vald alternativ 4 ville dei unngått sutrete aksjonistar og.