Holten

Holten

29p

29 comments posted · 4 followers · following 4

13 years ago @ Gigapix.no - Hvem følger meg? · 0 replies · +1 points

Eg såg eige kontrafei rett i auga umiddelbart. Så kult.

14 years ago @ Rants from Rolf Marvin... - Hjernevask 1: Harald E... · 1 reply · +1 points

Du har mange artige og interessante poeng. Eg vil berre få gjera ein merknad: Det treng ikkje vera noko genetisk - eller arvbart, som ein visst seier no om dagen - sjøl om ein eigenskap er medfødd. Miljøpåverknader under svangerskapet lyt òg reknast med.

Så vidt eg har fått med meg heller undersøkingar (kjem dessverre ikkje heilt i hug om det var dyreforsøk eller statistikk over fostervassprøver frå kvinner) mot at testosteroninnhaldet i fostervatnet på visse stadia i svangerskapet kan vera utslagsgivande for tradisjonelt kjønnsrelaterte eigenskapar. Og da minnest eg at eg las at både dei ho-fostra som hadde fått overdose og underdose av testosteron vart lesber etter kvart. Det vart ikkje nemnt noko om autisme der etter det eg kan erindre, men det du forteller ser jo da ut til å klaffe for hannfostras vedkommande.

Disclaimer: Det er over ti år sidan eg las dette no. Sikkert mykje meir ny forskning på emnet som har komme i mellomtida.

14 years ago @ Thomas Moen - Hvordan definere betal... · 0 replies · +1 points

Det amerikanske næringstilsynet (eller rettare sagt, det dei brukar til forbrukarråd derover) har nyleg late liknande reglar trå i kraft i USA òg, men det er visst ikkje alle proffbloggarar som har vore klar over det lell:

<a href="http://www.readwriteweb.com/archives/1_month_into..." target="_blank">http://www.readwriteweb.com/archives/1_month_into...

14 years ago @ Bård Vegar Solhj... - Datalagringsdirektivet · 0 replies · +1 points

Bloggen hans George Gooding er ein nettstad eg bruka ein del tid på i det siste. Og det er like greit å spørre George her, tykkjer eg, kva det er du legg i "nettbruk"?

Eg har jobba ein del med omsetting, og har i yrkessammenheng opparbeidd meg det ein kan kalle ein nettlogg med temmeleg ymist innhald. I tillegg til alle dei bisarre og ekstreme greiene eg har vore innom for eiga regning, sjølsagt. Men eg er overhodet ikkje bekymra for at mine meir eller mindre tvilsame bekjente med jobb i politi eller hos nettleverandøren min skal konfrontere meg med mine meir eller mindre tvilsame nettaktivitetar i festleg lag.

For eg brukar nemleg proxy. Det samme kan du forbanna deg på at alle som har i sinne å begå det EU kallar "alvorleg kriminalitet" vil gjera. Så kvifor DLD for alle dei som ikkje tek slike enkle forhaldsreglar?

No er eg fullt innforstått med at ein minimumsimplementering av DLD faktisk ikkje påbyr IP-adresselagring i båe ender. Og det er altså ikkje så frykteleg nyttig for etterforsking av småsaker, dersom ein da ikkje handlar til seg FRA-data frå kjelder som står SÄPO nær. Og det gjer ein jo. Men dersom motivet for å innføre DLD er å samordne med EU-politi, som har IP-adresser i båe ender, korfor nøye seg med minimumsimplementeringa?

Eg har òg stor sans for sammenligninga George gjer med BBS-transaksjonar. Den prinsipielle forskjellen her, og den er viktig, er at dette IKKJE er ei av styresmaktene pålagt registrering av privatliva våre, som har som einaste grunn at data skal kunne tilgjengeleggjerast politi for etterforsking i to år. Ut frå uttaksdata mine kan ein lesa frykteleg mykje rart om meg, for eg er så dårleg til å gå rundt med kontantar på meg. Men det gjer ikkje noko. (Eg har noko meir tiltru til integriteten i banknæringa enn i telekomnæringa, sidan eg har jobba i sistnemnde.)

DLD handlar først og fremst om ytringsfridom for meg, skjønar de. Det at vi skal kjenne oss trygge på at kommunikasjonen mellom menneske ikkje blir overhørt eller teke ut av sammenhengen sin. Den såkalla nedkjølande effekten, no sist referert til av Jon Wessel-Aas i Dagbladet-kronikken hans er noko eg oppriktig fryktar. (Spesielt sidan så mange visstnok allereie trur at kvar enkelt nettside og samtale skal lagrast.)

George har på beundringsverdig vis teke seg tid til å finne fram til fakta, avlive myter og tolke motiva til dei ulike aktørane i strida om DLD. Det er vel verdt å lesa presiseringa hans om overvakning, for eksempel.

Eg tykkjer imidlertid det er god grunn til å ta slippery slope-argumenta på alvor. DLD-saka har i mine auge alltid vore ei prinsippsak. Ei anledning til å sette ned foten og seie hit, men ikkje lenger. Før det smell i ein verdsmetropol neste gong, altså.

For det er fullt muleg at dei praktiske endringane av ei DLD-innføring vil vera små i forhald til den faktiske (om ikkje den lovlege) nosituasjonen. Men om det viktigaste motivet for å innføre DLD er å formalisere det vi allereie gjer, tykkjer eg vi heller burde innskrenke åndsverkslovgivninga med det samme.

14 years ago @ Teknisk Beta - Veslebror gratis på nett · 0 replies · +1 points

Prøvde etter fattig evne å gi nokre innspel til omsetting eller fornorsking av visse teknologiske og nettpopkulturelle omgrep. Meldte meg frivillig som konsulent fordi eg elska boka så høgt. =)

Vidnes skriv langt om omsettingsarbeidet her:
http://veslebrorserdeg.blogspot.com/

14 years ago @ Teknisk Beta - Veslebror gratis på nett · 2 replies · +1 points

Ja, Samlaget har ovenikjøpet funne mitt ynkelege bidrag til VSD verdifullt nok til å honorere meg med klingande mynt. Korleis skal dei no gå med overskot, liksom.

Enno ein case: Den svenske forfattaren Unni Drougge fekk med seg venner og fans til å spela inn (lågbudsjetts) lydbok av romanen «Tyven i mitt drama kalles kjærlighet», og la ho opp på The Pirate Bay i vår, vedlagt PayPal/kontonummer for donasjonar. Utgiftene betalte seg inn på nokre timar.

Det eg no skal gjera er å spreie den offisielle PDFen til alle mine venner i skuleverk og bibliotekvesen. Kanskje koke meg ein uoffisiell remiks eller to. Versjon for .mobi er nærliggande, til dømes.

14 years ago @ norhack.org - Faktasjekk i fildeling... · 1 reply · +1 points

Prøv å tilbakevise at insentiva til skaping og innovasjon nødvendigvis forsvinn dersom eksemplarframstilling og -salg de-monopoliserast, da.

Det er nok om du kan vise til eksempel.

(Utanomsnakk: Eg fekk smått sjokk da eg kom hit, har aldri sett ein annan blogg enn min eigen med Grey Matter-tema før. Fin.)

14 years ago @ arnteriksen - Er jeg en tjuv? · 0 replies · +1 points

I eit ytringsfridomsperspektiv lyt ein nestan koste på seg eit meir avslappa forhald til plagiat og sitatrett. Det er faktisk viktigare for samfunnet å få sikra god spreiing av idéar enn at dei forblir innemurt til glede for dei få.

Sett at originalartiklane ikkje var på noko språk dei fleste av oss kunne? Da hadde det ikkje hjelpt stort med lenking eller noko. Og sett at det ikkje var muleg å komme i kontakt med originalens rettsinnehavar for å avtala omsetting/godtgjering. Den som har tapt på det er i siste instans Eriksens lesarar.

Dessutan blir grenseoppgang mellom eigne ord og omskriving og reint klippoglim fort innmari kunstig. Den slags ineffektiviserande byråkrati har eg ikkje store sansen for.

Derimot tykkjer eg det alltid er lurt og hjelpsamt å ha med kjelder. Det er aldri unaturleg, og knappast uetisk. Faktisk er det grunn til å minne om grunnsteinen i resiprok etikk: Ville du ha sett pris å bli kopiert/sitert/omsett utan kreditering? Da gjer du det ikkje mot andre, heller.

14 years ago @ Spillmatic - Om spillanmeldelser · 0 replies · +1 points

Kunstnar og seriemakar Kim @DenUngeHerrHolm Holm har blogga, og er einig med Rune.

14 years ago @ ThinkHero.com - Sci-Fi... - New "Buffy" Movie! Jos... · 1 reply · +2 points

Intellectual monopoly rights FTL. Again.